D1. Busker og tre, store.


Acer japonica 'Aconitifolium'. Japanlønn.
Fint flika bladverk på 2-3 m høg buske, spesielt fin raud haustfarge.

Acer palmatum 'atropurpureum'. Vifteblodlønn.
Lite tre på rundt 3 meter med flika raude blad. Fin kontrastplante, surjordsplante.

Acer shirasawanum 'Aureum'. Viftelønn.
Gulblada liten viftelønn, 80 cm, sur jord.
Acer shirasawanum Aureum Viftelønn

Aesculus carnea 'Briotii'. Raud hestekastanje.
Store blad raude blomar i juni-juli, ca 10-15 m.
Aesculus carnea Raud hestekarstanje

Andromeda polifolia 'Blue Ice'. Rosmarinlyng.
Fin vintergrøn plante for surjord/torvbed. Lillarosa 30 cm.

Buddleia davidii 'Royal Red'. Sommarfuglbusk.
Verdifull buske for si seine blomstring på ettersommaren. Bør klippast sterkt ned om våren slik at den vert tett og fin. Kan vekse rundt 2 meter på ein sommar. Raudlilla.
Buddleia Davidii Royal Red Sommarfuglbusk Buddleia Davidii Royal Red Sommarfuglbusk 2

Caragana arborescens 'Pendula'. Hengesibirertebusk.
Lite hengande tre, 2 m. Gule blomar i juni-juli.
Caragana arborescens Pendula Hengesibirertebusk

Cassiope 'Edinburgh'. Skjellyng.
Dannar tette tuer med kvite små klokker i mai - juni. Fin plante for fjellhage/torvbed.
Cassiope Edinburgh Skjellyng

Cercidiphyllum japonicum 'Pendula'. Hjertetre.
Lite tre med hengande vekseform. 1,5-3 m. Gule/raude haustfargar.

Cercidiphyllum japonicum. Hjertetre.
Egnar seg godt som frittståande, opp til 10 m. Fint koparfarga bladverk om våren og fin haustfarge.

Chiliotrichum diffuusum 'Siska'. Prestekragebusk.
Vintergrøn busk på rundt meteren, kvite prestekrageliknande blomar om sommaren, best på tørr og mager jord i full sol.

Corylus avellana "Contorta". Vrihassel.
Vridde blad og greiner, 2-3m. Greiner gode til dekorasjonar.

Corylus maxima 'Purpurea'. Blodhassel.
Fin kontrastplante, lite tre 3-4 m, raudt bladverk.

Cotoneaster 'Coral Beauty'. Vintermispel.
Ein av dei beste dekkplantar som finnst, veks fort utover og dekkje godt, raude bær om vinteren, rundt 40 cm høg.

Craetaegus laevigata 'Pauls Scarlet'.
Eit av dei finaste tre for hagen, men dessverre utsett for rust som skjemmer plantane, rosa fylte blomar i juni, 3-6 m.

Cytisus decumbens. Krypgyvel.
Vert låg (ca 20 cm) og krypanes. Best i full sol og tørr vekseplass. Dekka med gule blomar i juni.

Cytisus praecox 'Allgold'. Vårgyvel.
1,5 m høg busk med mørk gule blomar i mai. Trivst best på tørr og solrik plass.
Cytisus praecox Allgold Vårgyvel

Cytisus scoparius 'Andreanus'. Sandgyvel.
Tofarga blomar i gult og raudt, ca 2 m.

Cytisus scoparius 'Boskop Ruby'. Sandgyvel.
Raude blomar. Ein av dei finaste gyvlar. Best i full sol på mager jord, 2 m.

Daboecia cantabrica 'Purpurea'.
Lyngart med rosalilla blomar, 30 cm, fin for fjellhage/torvbed, må ha lun vekseplass.

Deutzia gracilis. Småstjernetopp.
Lita buske med rosa blomar, 80 cm.
Deutzia gracilis Småstjernetopp

Deutzia hybrida 'Mont Rose'. Hybridstjernetopp.
Lillarosa blomar i juni, 1-2 m.

Enkianthus campanulatus. Klokkeenkiant.
Fin buske for kalkfri/torvhaldig jord. Gule klokker på forsommaren, spesielt fin haustfarve, 2-3 meter.

Erica carnea. Vårlyng.
Burde finnast i alle hagar, lang blomstringstid. Fin i fjellhage/torvbed. Dannar tuer på rundt 20 cm. Frå kvite til lilla og rosa nyansar.

Erica cinerea. Purpurlyng.
Har lang blomstrinstid om sommaren, rundt 25 cm i forskjellige fargar frå lilla til kvite.

Erica tetralix 'Con Underwood'. Poselyng.
Fin lyng for fjellhage/torvbed, 25 cm.

Erica vagans 'Mrs D. F. Maxwell'. Haustlyng.
Er verdifull for si seine blomstring, rosa blomar i august-oktober, 25cm.

Euonymus fortunei 'Emerald Gaiety'. Klatrebeinved.
Vintergrøn lita busk med kvitbrokete blad, ca 30 cm.

Euonymus fortunei 'Emerald Gold'. Klatrebeinved.
Har gulbrokete blad, 30 cm.

Euonymus nanus turkestanus. Steppebeinved.
Lita buske med vintergrøne smale blad, krypande 0,5-1 m.

Euonymus planipes. Sakalinabeinved.
Vert dyrka for sine fine orangeraude frukter om hausten, 3-4 m.
Euonymus Planipes Sakalinabeinved

Fargesia murielae 'Hareskov'. Gul bambus.
Vintergrøn, 2-3 meter.

Fargesia murielae 'Simba'. Gul bambus.
Vintergrøn, 2 meter høg.

Forsythia intermedia 'Gold Bells'. Gullbusk.
Tidlegblomstrande buske, 1,5-2 m, fin til driving.
Forsythia x Meadowlark Gullbusk

Hydrangea aspera 'Macrophylla'. Himalayahortensia.
Vert ein buske på eit par meter med store lodne blad, lilla blomar i august - september.
Hydrangea Aspera Macrophylla Himalayahortensia

Hydrangea paniculata 'Grandiflora'. Syrinhortensia.
Er spesielt verdifull på grunn as si seine og lange blomstringstid. Kvite blomar i skjemar i august-oktober. Kan vekse fritt eller klippast ned om våren. Vil då halde seg liten og kompakt.

Hypericum 'Hidcote'. Gullperikum.
Delvis vintergrøn buske på rundt 60 cm, store gule blomar på ettersommaren og hausten.
Hypericum Hidcote Gullperikum

Ilex aquifolium 'Argentomarginata'. Kristtorn.
Brokete blad og raude bær, rundt 3 m.

Ilex aquifolium 'Pyramidalis'. Kristtorn.
Pyramideforma veksemåte, set rikeleg med bær, 4 m.

Kerria japonica 'Pleniflora'. Soleiebusk.
Grøne greiner, fylte gule blomar utover sommaren, rundt meteren høg.
Kerria Japonica Pleniflora Soleiebusk

Kolkwitzia amabilis 'Pink Cloude'. Fagerbusk.
Må stå i full sol og lett jord for å blomstre rikt. Rosa blomar i juni. 2-3 meter.
hv24596 hv16902

Lavandula angustifolia 'Munstead'. Lavendel.
Bør stå solrikt og i lett jord, vintergrøn lita busk med blåe blomar, 40 cm.

Magnolia sieboldii. Sommarmagnolia.
Lite tre med kvite blomar i juli-august, 3-6 meter, sur jord.
Magnolia Sieboldii Sommarmagnolia Magnolia Sieboldii Sommarmagnolia 2

Malus 'Liseth'. Prydeple.
Lite tre med raude blad og raude blomar i mai. Raude små epler om hausten. 3-4 m.

Nothofagus antarctica. Sydbøk.
Tre med små blad og litt vridde greiner. 3-5 m.

Olearia x haastii.
Vintergrøn busk med små kvite blomar i skjermar. 1-2 m. Bør stå lunt.
Olearia x Haastii

Phylliopsis hillerii 'Pinoccio'.
Fin lita vintergrøn buske med rosaraude blomar i juni, fin for lyng/torvbed.

Physocarpus opulifolius 'Darts Gold'. Gul blærespirea.
God kontrastplante med gulgrønt bladverk, 2-3 m.

Physocarpus opulifolius. Blærespirea.
Raudbrune blad, god kontrastplante, 2-3 m.
Physocarpus Opulifolius Diablohort

Pieris japonica 'Little Heath'.
Lita vintergrøn busk med kvitbrokete blad og kvite blomar, raudbrun nyvekst, 60 cm, surjordsplante.

Pieris japonica 'Mountain Fire'.
Fin pieris med raudfarga nyvekst, kvite blomar, 80 cm, sur jord.

Polygala chamaebuxus. Buskblåfjør.
Ein fin liten vintergrøn plante for fjellhagen, blomstring både vår og haust, lett jord og sol, 10 cm og teppedannande.

Potentilla fruticosa 'Goldfinger'. Buskmure.
Oprett vekst og sterk gule blomar juni-september, 1 m.

Potentilla fruticosa 'Goldteppic'. Buskmure.
God låg buskmure med utoverliggjande vekst, 50 cm, gul.

Potentilla fruticosa 'Longacre'. Buskmure.
Lys gul buskmure med nesten krypande vekst, 40 cm.
Potentilla Fruticosa Longacre Buskmure

Potentilla fruticosa 'Pretty Polly'. Buskmure.
Rosa blomar, 60 cm.
Potentilla Fruticosa Pretty Polly Buskmure

Potentilla fruticosa 'Tilford Cream'. Buskmure.
Låg krypande buskmure med kremkvite blomar, 30 cm.
Potentilla Fruticosa Tilford Cream Buskmure

Prostranthera cuneata. Peppermyntebusk.
Ei lita vintergrøn busk med utoverliggjande vekst, kvite blomar om sommaren, 30 cm - 1 m. Lun vekseplass.

Prunus laurocerasus 'Etna'. Laurbærhegg.
Storblada laurbærhegg med kvite blomar om våren, skuggetålande, 1,5-2 m.

Prunus Serr 'Kanzan'. Japankirsebær.
Oprett vekst, rosa fylte blomar om våren, 4-8 m, fint som frittståande.

Prunus Serr 'Kiku-Shidare-Zakura'. Hengekirsebær.
Hengeform med rosa fylte blomar, 3 m.

Ribes sanguineum 'Koja'. Blodrips.
Verdifull for si tidlege blomstring april-mai, raude hengande blomar, 2-3 meter.
Ribes sanguineum Blodrips

Rubus odoratus. Rosebær.
Villeg buske for utsette plassar, rosa blomar frå sommar til haust.

Skimmia japonica 'Rubella'.
Lita vintergrøn busk med kvite duftande blomar i mai, 1 m.

Sorbus vilmorinii. Vilmorinrogn.
Fint lite tre med kvite blomar og rosa bær, 3-4 m.

Spirea 'Snowmound'. Nipponspirea.
Ei av dei beste for hekk og skråning, kvit 1,5-2 m, haustfarge.

Spirea japonica 'Alpina'.
Dvergform av japanspirea, rosa 50 cm.

Spirea japonica 'Antony Waterer'. Rosespirea.
Karminraude blomar i juli-august, 70 cm.
Spirea japonica Antony Waterer Rosespirea

Spirea japonica 'Little Princess'. Japanspirea.
Rosa blomar i juli-august, 70 cm.
Spirea Japonica Little Princess Japanspirea

Spirea nipponica 'Halwards Silver'. Nipponspirea.
Kvite blomar i mai-juni, 80 cm.

Stephanandra incisa 'Crispa'. Flikkranstopp.
Fin dekkplante med få krav, små kvite blomar, 80 cm.

Syringa meyeri 'Palbin'. Dvergsyrin.
Lita busk på rundt meteren, rosa duftande blomar i mai -juni.

Syringa Syrin.
Forskjellige sortar.
Syringa Minuet Syrin

Trochodendron araloides.
Lite vintergrønt tre som burde plantast meir. Egnar seg godt på naturtomtar. 2-3 m.

Viburnum davidii. Glanskrossved.
Lita vintergrøn busk med fint bladverk. Bør stå lunt og i god jord. Etter dei kvite blomane kjem det fine blåe bær.
Viburnum Davidii Glanskrossved

Viburnum farreri. Marskrossved.
Denne buska er verdifull for si tidlige blomstring. Rosa duftande blomar i mars-april. 2-3 meter.
Viburnum Farreri Marskrossved

Viburnum rhytidophyllum. Vinterkrossved.
Ei busk som burde plantast meir. Bør stå lunt så bladverket ikkje vert øydelagt av vind. Skjermar av kvite blomar på forsommaren. 2-3m.
Viburnum Rhytidophyllum Vinterkrossved Viburnum Rhytidophyllum Vinterkrossved 2

Weigela florida 'Minuett'. Klokkebusk.
Nyare sort som held seg låg, rundt 50 cm. Rosa blomar.
Weigela Florida Minuett Klokkebusk Weigela Florida Minuett Klokkebusk 2

Weigela middendorfiana. Gul klokkebusk.
Klokkebusk med gule blomar i mai - juni. 1-2 m.
Weigela Middendorfiana Gul klokkebusk