P3.1 Busker og tre (småplantar) A-D.

Prisgrupper: (1) kr 35,-    (2) kr 40,-    (3) kr 45,-    (4) kr 50,-   

Dette er for det meste småplantar dyrka i 9x9 cm potter for vidarekultur. Eindel bør pottast opp i større potter og få ei beskytta overvintring den første vinteren, mens andre kan plantast rett ut. Litt etter kor i landet det er.

Acer monspessulatum.
Europeisk lønneart, 6-8m. (4)

Buxus sempervirens 'Latifolia Maculata'.
Ein av dei beste broketblada buksbomsortar. Vert rundt 1,5 m. (3)

Cornus alba 'Ivory Halo' Sibirkornell.
Nyare broketblada sort av sibirkornell som har ein meir kompakt veksemåte. Ca 150 cm høg. Raude greiner som har stor prydverdi om vinteren (4) (H7)

Cornus alba 'Aurea' Gulblada sibirkornell
Gulblada sort av sibirkornell. Ca 2 m høg. Best bladfarge i sol. Fin kontrastplante som burde brukast meir. Nøysom. (4)

Cotoneaster 'Queen of Carpets' Mispel.
Vintergrøn svært låg krypande mispel med kvite blomar i juni og raude bær om hausten. 20 cm høg. kr 70,-. (H3)

Deutzia compacta. Stjernetopp.
Sjeldan art med med kvite blomar i juli. Ca 1,5 m høg. Best på solrik lun vekseplass i sol. Kr 60,-