D2. Rhododendron.


Rhododendron 'Abendrot'.
Tett plante med glinsande bladverk og mørk raude blomar, ca 60 cm høg, brei vekst.

Rhododendron 'Anna Baldsiefen'.
Lillarosa blomar i slutten av april, rundt 90 cm høg.

Rhododendron 'April Rose'.
Tidleg blomstrande sort med fylte purpurrosa blomar, ca meteren høg plante som får bronsebrunt bladverk om vinteren.

Rhododendron 'Babette'.
Lys gul yakushimanumhybrid med godt bladverk, ca 1 m høg.

Rhododendron 'Belkanto'.
Gul/lys rosa, ca 120 cm høg.

Rhododendron 'Berryrose'. Lauvfellande Azalea.
Laksrosa, ca 150 cm høg.

Rhododendron 'Better Half''.
Raude blomar som varer lenge, rundt 60 cm høg.

Rhododendron 'Blurettia'.
Lilla blomar på ein tett og fin plante på rundt 100 cm.

Rhododendron 'Carmen'.
Uvanleg mørkeraud farge på ein tett seintveksande plante, ca 30 cm.

Rhododendron 'Catawbiense Grandiflora'.
Er vel den mest kjende og planta rhododendron på vestlandet, flott og sunn plante som kan verte svært stor, opp til 3-4 meter.

Rhododendron 'Chynthia'.
Storvaksen gamal sort med djuprosa blomar, 2-3 meter.

Rhododendron 'Erato'.
Flott mørkeraud rhododendron på ca 150 cm, kvite støvberarar.

Rhododendron 'Eruption'.
Spesiell sort med blomar som har mørkt raudt svelg og kvit ytterst.

Rhododendron 'Frost Hexe'.
Liten plante, 30 cm, lillablå.

Rhododendron 'Gartendirector Glocker'.
God williamsianumhybrid med raudrosa blomar og godt bladverk, rundt meteren høg.

Rhododendron 'Geisha Orange'.
Japansk azalea, lys raud, ca 50 cm.

Rhododendron 'Goldkrone'.
Ein av dei beste gule rhododendron, vert vel halvmeteren høg. Blankt bladverk.

Rhododendron 'Graziella'.
Rhododendron med spesielt flott bladverk, smale spisse blad. Ca 100 cm høg, lyseraud litt småe blomar.

Rhododendron 'Himalaya'.
Flott asalea med skarp rosa blomar, ca 50 cm høg.

Rhododendron 'Intermedium'.
Liten rhododendron med rosa blomar, 40 cm.

Rhododendron 'Lilofee'.
Fin sort med mørklilla blomar, ca 150 cm høg.

Rhododendron 'Madam Felle'.
Blomservilleg sort med raudfiolett farge, vert ca 2 meter høg.

Rhododendron 'Maruscha'.
Ein av dei beste japanske azalea for vårt klima, flott bladverk som vert bronsebrune om vinteren, mørkeraud , ca 50 cm.

Rhododendron 'Molle'. Lauvfellande Azalea.
Rosa eller gul, ca 2 meter høg.

Rhododendron 'Nicoletta'.
Lågtveksande og tett rhododendron, lysrosa blomar med mørk ganeflekk, ca 50 cm.

Rhododendron 'P. J. Mezitt'.
Ein av dei tidlegaste rhododendron i blomst april - mai. Rosa ca 1 m høg.

Rhododendron 'Patty Bee'.
Ein Av dei beste låge gule rhododendron, lys gule blomar og friskt bladverk, ca 40 cm.

Rhododendron 'Percy Wiseman'.
Rundt meteren høg plante, med fleirfarga blomar i gult, fersken og rosa sjatteringar.

Rhododendron 'Persil'. Lauvfellande Azalea.
Kvit med gult svelg, 1,5 m høg.

Rhododendron 'Radicans Milde'.
Flott krypande rhododendron med purpurosa blomar, 20 cm.

Rhododendron 'Red Carpet'.
Kansje den beste repenshybrid, krypande vekst, 60 cm med raude blomar.

Rhododendron 'Scarlet Wonder'.
Kanskje den mest planta og kjende av dei raude små, plantane. Vert vide og frå 50-100 cm høge.

Rhododendron 'Songbird'.
Liten fin rhododendron, rundt 70 cm med blåe blomar tidleg i mai.

Rhododendron 'Stadt Essen'.
Lysrosa williamsianumhybrid med lysrosa blomar og god vekst, ca 1 m høg.

Rhododendron 'Too Bee'.
Fin liten rhododendron med tofarga blomar raudrosa/krem, 25 cm.

Rhododendron 'Tromba'.
Nyare williamsinumhybrid med raude blomar, nyskudda er brune, god plante på rundt meteren.

Rhododendron 'Virginia Richards'.
Ein av dei beste i sin farge. Aprikosfarga blomar som står lenge, har også fint bladverk. Ca opp til 2 meter høg.