D4 Sommarblomster.


Ageratum. Blåkorg.
Blå 20 cm riktblomstrande.

Alyssum. Smådodre.
Kvit,15 cm. Fin plante for kant og bed, spesielt fin på graver.

Antirrhinum majus. Løvemunn.
Riktblomstrande plante 20 -50 cm. Fargeblanding. Regnsterk.

Begonia pendula Hengebegonia.
Ein av dei mest blomsterrike hengeplantar. Altfor lite brukt. Toler skugge. Fleire fargar.

Begonia semperflorens. Isbegonia.
Riktblomstrande begoniasort, bør ikkje plantast for tidleg ut, tåler skugge.

Begonia tuberous. Knollbegonia.
Riktblomstrande plante i vidt fargespekter. Bør ikkje plantast ut for tidleg. Fine i bed, kassar, potter og graver. Tåler godt regn og skugge.

Bidens.
Riktblomstrande hengeplante som burde brukast meir, gul.

Brachycome. Blåkrage.
Hengande plante med lys blå blomster,lang blomstringstid. Flott i ampel eller potter. Prøv den saman med Sanvitalia.

Calendula hybrid. Ringblomst.
Undervurdert sommarblomst. Blomsterrik. Snittblomster. Lett å så. Tåler regn.

Chrysanthemum frutescens hybridar. Margeritt.
Dette er vel ei plante dei fleste kjenner til. Finnst no i fleire fargenyansar.

Cosmos bipinnatus hybrid. Pyntekorg.
Sommarblom som er lett å så og dyrke. Snitt. 50 - 100 cm høg.

Dahlia. Sommargeorginer.
Riktblomstrande og bra regnsterk, mange fargar.

Dianthus chinensis. Kinanellik.
Ein av dei beste sommarblomar. Spesielt er Telstar serien god.

Diascia. Tvillingblomst.
Riktblomstrande ampelplante, rosa.

Dorotheanthus bellidiformis. Middagsblomst.
Plante for solrik plass. 10 cm, fargeblanding.

Fuchsia. Tåre. Kristi blodsdråpe.
Denne finnst i mange flotte sortar, og er ein av dei aller beste plantar for vått klima. Har mange sortar her. God til graver.

Gazania hybrid. Påfuglblomst.
Fargerik plante for solrik plass. Blomane opnar seg i sol.

Helichrysum petiolare. Stråblomst.
Flotte bladplantar for urner ampel og bed, dekkjer godt. Dette er ei plante som burde brukas langt meir. Har tre sortar, den vanlege med gråe blad + brokete og gulblada sort.

Lavatera trimestris. Hagepoppelrose.
Blomsterrik og lettdyrka. Snitt. Lang blomstringstid.

Lobelia 'Big Blue'.
Mørk blå. Håpar den er like god som "Richardii". Ny 2002.

Lobelia 'Richardii'.
Ei av dei beste og mest "slitesterke" lobeliasortar som finns. Desverre ikkje så lett å selje då den har litt lys farge. Sterktveksande sort med lang blomstringstid.

Lobelia. Hengelobelia. Kantlobelia.
Riktblomstrande plantar for kant og ampel/potter.

Mimulus. Gjøgler. Kjerlighet på landet.
Riktblomstrande plante som burde brukast meir. Rosa, raude og gule nyansar. 20 cm, for bed og potter.

Nemesia hybrid.
Riktblomstrande i fleire fargar.

Osteospermum hybrid. Spansk margaritt.
No i fleire fargar. Lang blomstring. Sol. Fin i potter.

Pelargonium peltatum. Hengepelargonium.
Riktblomstrande hengeplantar i raude-rosa nyansar. Krev sol og ikkje altfor mykje regn for å vere fine. De enkle sortane ser ut til å vere betre i regn.

Pelargonium zonale. Pelargonia.
Riktblomstrande, men krev tørt, beskytta og solrikt for å verte fin.

Petunia 'Arnhild'.
Nautesund Plantesalg har glede av å tilby kundane sine ein ny norsk hengepetunia. Sorten "Arnhild" er ein sport/mutasjon av Surfinia "Blue Vein". Fargen er ein mellomting mellom blå og lilla. Elles har planten alle dei gode eigenskapane frå "Blue Vein" og er blandt det beste av det beste når det gjeld hengepetunia.

Petunia 'Million bells'. Hengepetunia.
Denne er minde i vekst og blomar enn surfinia, men like riktblomstrande, blålilla.

Petunia 'Pink Ice'. Hengepetunia.
Hengepetunia med rosa blomar og brokete blad. Dette er ein sport/mutasjon som eg fann her i 1996. Kom først på markedet i Storbritannia i 2000 der den selde over 800 000 plantar. Kom på det norske markedet og andre europeiske land i 2002.

Petunia 'Surfinia' 1. Hengepetunia.
Sortar i lilla, rosa og blå nyansar som alle er bland dei aller beste plantar som finnst.

Petunia 'Surfinia' 2. Hengepetunia.
Sortar i lilla, rosa og blå nyansar som alle er bland dei aller beste plantar som finnst.

Petunia hybrida. Petunia.
Fargeblanding, krev tørt og solrikt ver for å verte fine.

Sanvitalia.
Hengeplante som blomstrar spesielt rikt og lenge, gul. Ein av dei mest regnsterke.

Scaevola. Femtunge.
Riktblomstrande hengeplante for potte og ampel, blå. Prøv den saman med Bidens.

Senecio. Sølvkrans.
Flott bladplante som burde brukast meir. Står fint lenge, gjerne gjennom heile vinteren.

Sutera Bacopa.
Spesielt riktblomstrande hengeplante for ampel, potter og kant. Kvite, rosa og lilla sortar.

Tagetes. Fløyelsblomst.
Denne er vel godt kjend, finnst i orange og gule nyansar. Lang blomstringstid.

Tropaeolum 'Hermine Grasshoff'. Blomkarse.
Fylt orangeraud sort som ikkje set frø, må formerast med stiklingar. Hengande vekst 1-2m.

Viola. Stemorsblomst.
Tåler eindel frost og er bland dei første ein kan plante ut.