P6.2 Staudar C-D.

Prisgrupper: (1) kr 35,-    (2) kr 40,-    (3) kr 45,-    (4) kr 50,-   

Caltha leptosepala. Bekkeblom.
Fin art med lang blomstring. Kvit. Ca 30 cm. For fuktig vekseplass. (4)

Caltha palustris 'Alba'. Kvit bekkeblom.
Kvit 25 cm, april-mai. Fin plante for våte plassar. (4)

Campanula 'E. H. Frost'. Stjerneklokke.
Kvit med blå midt. 15 cm. Juni – juli. Fjellhage. (3)

Campanula 'Sarastro'. Prikk-klokke.
Djup lilla. 40 cm. Juli - august. (4)

Campanula cochlearifolia. Småklokke.
Ein av dei finaste og villigaste campanularter. Spreier seg godt. Ca 10 cm. Blå. Juni - juli. (3)

Campanula glomerata. Toppklokke.
Blåfiolett 40 cm, juni-juli. Villeg og hardfør staude som spreier seg. Kan brukast til forvilling og plenkant. (3)

Campanula persicifolia Fagerklokke
Hardfør og villeg staude. Blå. 80 cm. Juli-august. Sol-halvskugge. (3)

Campanula posharskyana 'Stella'. Stjerneklokke.
15 cm, blå, juni-juli. Fin i mur. (2)

Campanula punctata. Prikk-klokke.
Rosa m .flekkar. 60 cm. Juni-juli. (3)

Campanula ‘Samantha’
Fin nyare kultivar av campanula. Blåe oppovervendte klokker med lysare senter. 25 cm. Blomstring i juni-august. Kutt plantane tilbake etter blomstring, dette gir betre gjenblomstring. Best blomstring i sol og lett jord. (3)

Chamaemelum nobile 'plenum'. Nobelgåseblom.
20 cm, kvit, juni-august. (2)

Chelone obliqua ' Ieniemienie' Duehode
Ny lågtveksande kultivar a Chelone. Ca 40 cm høg. Planteavstand 50 cm. Vanleg jord. Sol - halvskugge. Rosa. Blomstring juli - september. (4)

Chelone obliqua. Duehode rosa.
60 cm rosa. August-september. Ein av dei aller beste staudar for hausten. Tåler godt vind og ver. (3)

Chiasthophyllum oppositifolium. Korssmørblad.
Gul 20cm, mai-juni. Fjellhage. (2)

Chrysanthemum 'Clara Curtis'.
Seintblomstrande staude. September-oktober. Lillarosa 60 cm. God til snitt. (3)

Cimicifuga ramosa 'Brunette'. Haustormedrue.
2m kvit. Blomstring september–oktober. Ein god sort med svært mørkt bladverk. kr 120,-

Clematis recta 'Purpurea' Stivklematis.
Sort av stivklematis med bronsefarga bladverk. Kvite duftande blomar i juli-august. Rund 1 m høg. Humusrik drenert jord i sol. Dette er ei staude som visnar ned om vinteren. Kan trenge oppstøtting. Kr 60,-

Convallaria majalis 'Flore Pleno' Fylt liljekonvall
Kultivar av liljekonvall med fylte blomar med duft i mai - juni. Ca 15 - 20 cm. Sol - skugge. Fin skogsbotnplante. Planteavstand ca 30 cm. (3)

Convallaria majalis. Liljekonvall.
Kvit 30 cm. Mai-juni. (3)

Coreopsis 'Full Moon'
Lys gul. 60 cm. Nyare sort av Creopsis med lang blomstringstid. For gode strøk. Solrik lun vekseplass i lett jord. (3)

Coreopsis verticillata 'Moonbeam' Kransvakkerøye
Kultivar med fin lys gulfarge. Lang blomstring, juli - september. For lett jord og sol. Rabatt, snitt. Ca 40 cm høg. Planteavstand ca 40 cm. (3)

Coreopsis verticillata 'Zagreb'. Solvakkerøye.
Verdifull riktblomstrande staude for ettersommar og haust. Gul. 30 cm. Sol. Snittblomst. Rabatt. Fin saman med Aster "Early Blue". (3)

Corydalis elata. Himmellerkespore.
50 cm, blå. (4)

Crocosmia 'Carmin Brilliant'. Værhane orange/gul.
Orange med gult senter. 50 cm. Juli-august. Snittblomst. Rabatt. (3)

Crocosmia 'Limpopo' Værhane
Nyare sort av værhane med aprikosfarga blomar i juli - august. For gode strøk. Drenert vekseplass i sol. Rundt 80 cm høg. (4)

Crocosmia 'Lucifer'. Værhane raudorange.
Raudorange 80cm. Fargesterk ettersommarstaude. Hardfør her. Fin saman med agapanhtus der denne er hardfør. (4)

Crocosmia 'Princess'. Værhane orange.
Orange. 70 cm. Snitt. Rabatt. Gamal kultivar som er hardfør her. (3)

Crocosmia masoniorum. Værhane spesiell.
Værhaneart der blomane vender oppover. Hardfør her. Orange 40 cm, blomstring i august - september. (2)

Crocosmia x crocosmiiflora. Værhane orangegul.
Den vanlegaste sorten. Fullt hardfør her og spreier seg lett. Orangegul, 50 cm, august-september. Snittblomst. (3)

Dianthus 'Atlungstad'. Hagefjørnellik.
20 cm, kvit, juni-juli. Fin til fjellhage og murkant. God duft. (3)

Dianthus deltoides 'Albus'. Engnellik.
20 cm, kvit, juni-juli. Nøysom plante for fjellhage. (2)

Dianthus deltoides 'Arctic Fire'. Engnellik.
Nøysom plante for fjellhage og skrinne plassar. 20 cm.Tofarga kvit/raud. juni - juli. (2)

Dianthus deltoides 'Nellii'. Engnellik.
Nøysam plante for solrik drenert vekseplass. Raude blomar i juni - juli. Ca 15 cm. (2)

Dianthus gratianopolitanus 'Purpurstjernen'. Pinsenellik.
Rosaraud, 20 cm, juni-juli. Fjellhage. Murkant. Drenert vekseplass i sol. (3)

Dicentra spectabilis. Løytnantshjerte.
70 cm, rosa/kvit, mai-juni. (4)

Dodecatheon meadia 'Rote Farben'. Gudeblom.
Raud. 30 cm. Mai-juni. (3)

Doronicum pardaliances Hjartegullkorg
Gul. 75 cm. Blomstring mai - juni. Sol - halvskugge. Vanleg jord. Rabatt , blomstereng. Planteavstand 40 cm. Hardfør. (2)

Dryas x suendermannii. Hybridreinrose.
15 cm, kvit, mai-juni. Vintergrøn, teppedannande. (4)