Nautesundportalen

Velkommen
Kundeforum
Welcome

Plantelister A:
Andre Plantar
Bregner, Lyng og Prydgras
Busker Tre Småplantar
Iris
Staudar
Katalog A:
Katalog A Tekstversjon
Katalog A Fotoversjon

Plantelister B:
Busker Tre Store
Rhododendron
Roser
Sommarblomster
Katalog B:
Katalog B Tekstversjon
Katalog B Fotoversjon

Ekstratenester:
Autosøk latinske slektsnamn
Autosøk norske plantenamn
Databasen Nepeta

Hagesaker:
Eksotiske Plantar
Hagar i inn- og utland
Hagen Min
Rhododendron frå frø
Rhododendron vitjingshagen
Hagevideoar

Fast informasjon:
Artsnamn og sortar
Distriktet rundt
Hagebøker
Linker
Nye sortar
Stell av plantar

Nye sortar

Cortaderia araucana:
Har glede av å kunne tilby ein ny og spennande pampasgrasart frå våren 2010.

Cortaderia araucana kom eg over første gong i fjellhagen på Milde.
Dette er plantar dei har dyrka fram frå frø innsamla i Chile.
Plantane vert rundt 150 cm høge og blomstrar i august og utover.

Kor hardfør den er veit eg ikkje enno, men bør prøvast i gode strøk.
Mine plantar er dyrka av frø eg har fått frå Milde. (Venstre foto).

Cortaderia araucana     Impatiens namchabarwensis

Impatiens namchabarwensis:
Vil også i år ha for sal her Impatiens namchabarwensis som er ein blå art av impatiens.
Vart oppdaga i ei avsidesliggande kløft i Tibet i 2003. (Høgre foto).

Sjå forøvreg: Link til Blå impatiens.

Prydgras:
Phalaris Arctic Sun har komme like ned til Italia.
Foto: Håkon Vangsnes

Phalaris Arctic Sun

Petunia Arnhild:
Foto: Håkon Vangsnes

Nautesund Plantesalg har glede av å tilby kundane sine ein ny norsk hengepetunia.
Sorten 'Arnhild' er ein sport/mutasjon av Surfinia 'Blue Vein'.
Fargen er ein mellomting mellom blå og lilla. Elles har planten alle dei gode eigenskapane
frå 'Blue Vein' og er blandt det beste av det beste når det gjeld hengepetunia.
Petunia Arnhild

Petunia Pink Ice:
Foto: Håkon Vangsnes

Hengepetunia med rosa blomar og brokete blad.
Dette er ein sport/mutasjon som eg fann her i 1996.
Kom først på markedet i Storbritannia i 2000 der den selde over 800 000 plantar.
Kom på det norske markedet og andre europeiske land i 2002.
Petunia Pink Ice

Toppen
hv10627.jpg
hv11016.jpg
hv12059.jpg
hv12879.jpg
hv10617.jpg
hv11007.jpg
hv12060.jpg
hv12878.jpg